Bykle gamle kyrkje
Bykle gamle kyrkje

Kyrkja slik du ser ho i dag er bygd rundt 1620.  Men så tidleg som i 1327 har paven i sine annalar registrert “Buglum ecclesia” – Bykle kyrkje.  Når ho vart reist veit vi ikkje, men det gjekk gjerne litt tid før ei ny kyrkje så langt nord som i Noreg blei registrert som gudshus.  Det kan ha stått ei kyrkje på denne plassen alt på 1200-talet.

Bykle gamle kyrkje er eit smykke, ho er lita men vakker og særprega.  Ho har plass til på lag 120 menneske.  Den særmerkte rosemålinga frå 1826 er signert Aslak A. Vasshus frå Neslandsvatn i Telemark og Knut Åvoldsson Byklum. 

Kommerseråd og lagmann Laurits Andersen Undal gav kyrkjeklokka til kyrkjelyden i Bykle i 1683.  Klokka har innskrifta “Si deus pro nobis, quis contra nos” som betyr “Viss Gud er med oss, kven er då imot oss“.  Den som ringar står i midtgangen i sjølve kyrkjeromet og dreg i eit taug.

Ei såkalla vandresegn fortel at det var dei underjordiske – tussane – som avgjorde kvar kyrkja skulle reisast.  Planen var, fortel segna, å reise kyrkja på Skarg i Nordbygda.  Men om natta flutte tussane tømmeret til kyrkjebygda.

Tidleg på 1600-talet var Bykle kyrkje ubrukeleg.  Eit brev frå 1619 fortel at Bykle kyrkje “haffuer Weritt øde nogle Aar”.  Same brevet fortel at kyrkja no skal reisast på nytt og haldast ved like, etter ønskje frå kyrkjelyden og løyve frå biskopen.  Når dette var gjort, skulle presten kome frå Valle og halde messe tre gonger i året.

Trass i fleire store restaureringar, på 1700- og 1800-talet, kan vi trygt seie at Bykle kyrkje i all hovudsak er frå 1620 – og ein del av tømmeret er frå den gamle kyrkja som paven registrerte i 1327. 

Først i 1989 fekk Bykle kyrkje orgel, bygt av svensken Nils-Oluf Berg, eit pipeorgel med eitt manual og fem stemmer.  Dei gamle, sungne salmetonane, med alle sine snirklar levde såleis lenger i Bykle enn dei fleste andre stader.

Setesdalsmuseeet guidar i kyrkja i sommaren. Ein kan og bestille guiding andre tider på året. Meir info om dette på www.setesdalsmuseet.no

Her kjem det youtube video, der du kan sjå ein guide fortelje deg historien om Bykle gamle kyrkje. 


Tekst: Bjarne Tveiten