Bykle kyrkje
Bykle kyrkje

Biskop Olav Skjævesland la ned grunnsteinen til Bykle kyrkje den 1. januar år 2000.  Inni steinen blei det lagt teikningar som barneskuleelevar frå Bykle kommune hadde laga.  På same tid blei det bestemt at kyrkja skulle vere tusenårsbygget til Bykle kommune. Vel fire og eit halvt år seinare, den 4. september 2004, vigsla den same biskopen kyrkja, som er teikna av arkitekt Hans Olav Aanensen i firmaet Drange & Aanensen.  Hovudentreprenør var firmaet Brødrene Reme.

Den nye kyrkja er ei arbeidskyrkje i tre, med langkyrkjeplan og saltak.  Ho er rektangulær og einskipa, og korpartiet ligg integrert i kyrkjeromet.  Den samla
grunnflate er på ca. 315 m2. Orgelet er plassert over inngangspartiet.  Golvet er dekt med skifer.  Per Odd Aarrestad har utført den kunstnarlege utsmykkinga: glasmåleriet i fondveggen, altaret med altarskåp og altarring, døypefonten, preikestolen og mosaikken i golvet i midtgangen.  Dei kvitmåla veggane gjer  kyrkjeromet lyst og triveleg.  Kyrkjeromet med galleriet har til saman 220 sitteplassar.  Det må leggast til at dette romet har ein uvanleg rein og fin akustikk.  Musikarar har uttala at det er det beste konsertlokalet i heile Setesdal.  

Underetasjen, “kyrkjekjellaren” til kvardags, har ei grunnflate på ca. 350 m2.  Der finn vi eit godt utstyrt kjøkken, eit stort møterom, kontor, barnerom, eit lagerrom for speidarane og toalett.  I kjellaren blir det servert kyrkjekaffi, dessutan vert lokalet nytta til andre tilstellingar som til dømes konfirmasjon og dåpstilstellingar.  

Orgelet, som har 14 stemmer, kom på plass i 2005. Hovudverket har åtte stemmer, medan manual to har seks.  Orgelhuset og fasaden er laga av furu.  Nils Arne Venheim har bygt orgelet.

Dei samla kostnadene for Bykle kyrkje, inkludert inventar og kunstnarleg utsmykking var like under 30 millionar kroner.

Tekst: Bjarne Tveiten