Ynskjer du å bidra i arbeidet i kyrkja i Fjellgardane, Bykle, Valle eller Hylestad?
Alle som bidreg er med på å «så, plante og vatne» arbeidet, slik at Guds rike får vekse. Gud gjev vekst.
 
 
 
 Kvifor ha teneste i kyrkjelyden?
• Medverknad – me driv kyrkjelyd saman som læresveinar
• Bruke gåvene Gud har gjeve deg
• Beste måten å bli kjent med andre i kyrkjelyden
 
Her er rom for deg som har litt tid, meir tid og mykje tid.
Send e-post til post@bykle.kyrkja.no eller post@valle.kyrkja.no eller snakk med ein av oss som jobbar i kyrkja, så finn me ei teneste du kan trivast med. Det kan vere teneste i regi av kyrkja, eller så set me deg i kontakt med ein organisasjon eller eit lag.
 
Område der det trengst frivillige:
 - Husgruppe/husansvarleg, som held styr på inventar og kjøkken i kyrkjene.
 
 - Lage mat og andre praktiske oppgåver på «Lys vaken», arrangement for 6.klassingar
 
 - Lage mat og andre praktiske oppgåver på «Tårnagentdag», arrangement for 3.klassingar
 
 - Lage kyrkjekaffi til samvær etter gudstenester
 
 - Vere kyrkjevert i samband med gudstenester
 
 - Bidra til gudsteneste. Lese tekst, ha musikalsk innslag, styre lydanlegg eller noko anna 
 
 - Vere ein del av «Ressursgruppa». Dette vil seie at du kan setje deg på ei liste, med noko du kan/noko du har, som kan vere aktuelt å bruke i samband med arrangement. Du har ein båt, ein buss eller du har kanskje lys til å hjelpe til ved enkelte arrangement?
 
 - Bønegrupe. Me set stor pris på forbøn! Kan du be for arbeidet som skjer i kyrkjelyden?
 
 - Sundagsskuleleiarar; Fjellgardane sundagsskule, Bykle sundagsskule eller Valle sundagsskule
 
 - Speidarleiarar til Bykle KFUK-KFUM
 
 - Hjelpeleiarar på konfirmantleir
 
 - Hjelpeleiarar ved konfirmantundervisning
 
 - Hjelpeleiarar i barnekor
 
 - Setje i gong middagsfellesskap for alle, i Bykle kyrkjekjellar eller Fjellgardane kyrkje
 
 
Har du noko anna du vil bidra med, ta kontakt. Det er alltid behov og oppgåver i Guds rike!